Vinnutrappa i Sunndal har nytt godt av arbeidet til handverkarar frå Nepal. No vil Vinnutrappa samarbeide med NepaliMed Norway for å gje noko tilbake.
I trappa finn du eit skilt med «Takk for trappa!». Her kan du gje eit bidrag til helsetenester i Nepal.

Nygaard frå NepaliMed Norway. FOTO: Kim Sørenssen/NepaliMed Norway.
NepaliMed Norway vart starta etter jordskjelvet i Nepal i 2015. Då vart mange hardt skadd, blant anna i ryggen og hovudet. For å hjelpe kollegaer i Nepal, starta ei gruppe idealistiske nevrokirurgar organisasjonen NepaliMed Norway.
-Vi hjelper først og fremst til med opplæring og finansiering av utstyr, fortel nevrokirurg Øystein Petter Nygaard.
Han er styreleiar i NepaliMed, og leiar for Nasjonal kompetansetjeneste for kirurgisk behandling av rygg- og nakkesykdommer.

Norway.
NepaliMed samarbeider med fleire sherpatrapper i Norge, blant dei Romsdalstrappa, Helgelandstrappa, Lyngentrappa og no Vinnutrappa.
-Vi håpar på å få til samarbeide med enda fleire, seier Nygaard.
-Dette er eit fint tiltak for å komme ut med informasjon og få inn bidrag.

Dhulikhel Hospital utanfor hovudstaden Katmandu har sidan 2008 samarbeidd med St. Olavs hospital og NTNU i Trondheim. Etter jordskjelvet i 2015 ba dei om hjelp. Mange spesialistar frå Trondheim har tidlegare vore i Nepal i fleire omgangar og drive opplæring. Derfor var det ikkje behov for meir personell no, men for medisinar og utstyr.
Til saman 18 mindre sjukehus er knytt til hovudsjukehuset Dhulikel. Til saman er det rundt 1,9 millionar menneske som soknar til desse sjukehusa.
-Kirurgane ved Dhulikhel er svært flinke, så vi reiser ikkje ned til Nepal for å operere, seier Tonje Okkehaug Johansen, Øystein Petter Nygaard og Tore Solberg, som alle har vore i Nepal.

Johansen, har alle vore i Nepal. FOTO: Anita Land
-Vår oppgåve er å støtte kollegaer med utstyr og kompetanse. Blant anna har NepaliMed Norway greidd å finansiere mye medisinsk utstyr, ein avansert sjukebil og ei CT-maskin.
Ei maskin som tek avanserte bilde av hjerne, nakke og rygg er legene sitt viktigaste arbeidsreiskap. Dei fleste gjevarane er private, men dei har også fått støtte av NTNU, SINTEF, Verdsbanken og Norges ambassade i Nepal.
Ungdom med store skadar
I Nepal er det ei ung befolkning, dårlege vegar og eit arbeidsliv utan at dei tek så mykje hensyn til HMS. Det fører til mange ulykker. Særleg er det mange trafikkulykker. Om ein som er blitt skadd ikkje vert operert, kan det få fatale konsekvensar.
Det er lite som skal til for å gjere ein stor forskjell.
-Det er gjevande å arbeide med dette, seier nevrokirurg Tore Solberg ved UNN, Universitetetsykehuset Nord-Norge. Han brukar mykje av tida si på undervisning både i Norge og Nepal.
Legene reiser til Nepal for eiga rekning, så alle bidrag går uavkorta til sjukehuset i Nepal. Det er også muleg for andre enn leger å bli medlem av organisasjonen.